onsdag 15. juni 2016

Amandanominasjonane 2016

I dag kl. 11 vart nominasjonane til Amandaprisutdelinga 2016 presenterte. Med 25 potensielle filmar så burde det finnast noko kvalitet blant dei nominerte, men wow-faktoren uteblir i år. Sidan Oslo 31. august vart så til dei grader forbigått i si tid, så får nok Louder Than Bombs nokon ekstra sympatistemmer på det, men ser ut som den tek det meste uansett. Utdelinga er 26. august.


Beste norske kinofilm

Bølgen — produsenter Martin Sundland og Are Heidenstrøm for Fantefilm Fiksjon, regi Roar Uthaug
Louder Than Bombs — produsent Thomas Robsahm for Motlys, Alexandre Mallet-Guy for Memento Films, Joshua Astrachan for Animal Kingdom, Marc Turtletaub for Big Beach og Albert Berger og Ron Yerxa for Bona Fide, regi Joachim Trier 
Mannen fra Snåsa — produsent Margreth Olin for Speranza Film, regi Margreth Olin

Beste barnefilm

Doktor Proktors tidsbadekar — produsenter Cornelia Boysen og Synnøve Hørsdal for Maipo Film, regi Arild Fröhlich
Knutsen og Ludvigsen og den fæle Rasputin - produsent Eric Vogel for Tordenfilm, regi Rasmus A. Sivertsen og Rune Spaans
Solan og Ludvig — Herfra til Flåklypa — produsenter Cornelia Boysen og Synnøve Hørsdal for Maipo Film, regi Rasmus A. Sivertsen

Beste regi

Halkawt Mustafa - El Clásico
Joachim Trier — Louder Than Bombs 
Roar Uthaug — Bølgen

Beste kvinnelige skuespiller

Bente Børsum — Sensommer
Liv Bernhoft Osa — Pyromanen 
Vera Vitali — Grand Hotel

Beste mannlige skuespiller

Atle Antonsen — Grand Hotel
Anders Baasmo Christiansen — Welcome to Norway
Devin Druid — Louder Than Bombs

Beste kvinnelige birolle

Maria Bock — Hevn
Andrea Bræin Hovig — Alt det vakre 
Renate Reinsve — Welcome to Norway

Beste mannlige birolle

Gabriel Byrne — Louder Than Bombs
Per Frisch — Pyromanen 
Olivier Mukata — Welcome to Norway 

Beste filmmanus

Megan Gallagher — Grand Hotel
Rune Denstad Langlo — Welcome to Norway
Eskil Vogt og Joachim Trier — Louder Than Bombs 

Beste foto

Sjur Aarthun - Villmark 2
Jakob Ihre - Louder Than Bombs 
John Christian Rosenlund - Bølgen 

Beste produksjonsdesign/scenografi

Are Austnes — Solan & Ludvig — Herfra til Flåklypa
Martin Gant — Villmark 2
Karl Júlíusson — Doktor Proktors tidsbadekar 

Beste visuelle effekter

Lars Erik Hansen — Bølgen 
Thilo Ewers — Doktor Proktors tidsbadekar
Mats Andersen — Pyromanen

Beste musikk

Magnus Beite — Bølgen
Trond Bjerknes — El Clásico 
Kåre Vestrheim, Øystein Dolmen og Gustav Lorentzen — Knutsen & Ludvigsen og den fæle Rasputin

Beste klipp

Olivier Bugge Coutté — Louder Than Bombs 
Vidar Flataukan — Wendyeffekten
Helle le Fevre — Alt det vakre

Beste lyddesign

Hugo Ekornes — Villmark 2
Christian Schaanning — Bølgen 
Gisle Tveito — Louder Than Bombs

Beste kortfilm

Frysninger, regi Marius Myrmel, produsent Marius Myrmel
Fuglehjerter, regi Halfdan Ullmann Tøndel, produsent Frederik Hestvold
Retrett, regi Itonje Søimer Guttormsen, produsent Itonje Søimer Guttormsen

Beste dokumentarfilm

Dugma — The Button — regi Paul Refsdal, produsent Ingvil Giske for Medieoperatørene, 
Kvar song ei soge — regi Aaslaug Vaa, produsenter Knut Skoglund og Aaslaug Vaa for Villa Lofoten
Mannen fra Snåsa — regi Margreth Olin, produsent Margreth Olin for Speranza Film


Beste utenlandske kinofilm

Det helt nye testamentet (Belgia/Frankrike/Luxemburg), regi Jaco Van Dormael
Dheepan (Frankrike), regi Jacques Audiard
Historien om den sjenerte giganten (Island), regi Dagur Kári
Room (USA), regi Lenny Abrahamson
Sauls sønn (Ungarn), regi Laszlo Nemes

(sannsynleg vinnar utheva, men foreløpig gjetning. Har eit par filmar igjen å sjå av dei nominerte)

torsdag 26. mai 2016

lørdag 30. april 2016

Utenlandsk film så langt i 2016

Akira (1988)
4/10 - På mange måter en klassisk film, men ekstremt rotete fortalt. Det blir rett og slett "over the top"

A Christmas Carol (2009)
3/10 - Trufast gjenfortelling av Dickens' klassiske forteljing. Men brått dukker det opp actionsekvensar som ikkje har noko anna føremål enn å vise fram 3D. Og Uncanny Valley. Så mykje Uncanny Valley.

Deadpool (2016)
8/10 - Det at dei måtte kaste ein kjærleikshistorie inn i dette trekkjer ned. Men elles er dette truleg så optimalt man kan få gjort Deadpool på kino før det vert parodisk.

District 9 (2009)
5/10 - Av og til ser romvesenene bra ut. Men med ein gong dei rører på seg ser dei animerte ut, noko som tek deg ut av universet. Og kaste inn dataspeldynamikk med ein miniboss frå militæret er rett og slett ein klisje. Det er meir enn nok konflikt i filmen, Berre samanlikn med The Fly.

Dressed to Kill (1946)
6/10 - Traust Sherlock Holmes.

Green Lantern (2011)
3/10 - Om nokon har oversikt over kva filmar som har flest klisjear så er eg sikker på at denne er på topp. Ja, drakta og maska ser dum ut, men de er berre ein del av ei suppe CGI. Det er faktisk så mykje CGI at de like godt kunne lagd ein animasjonsfilm i staden.

The Hunger Games: Mockingjay - Part 2 (2015)
2/10 - Har ikkje kjeda meg så mykje under ein film på lang, lang tid. Storme presidentpalasset? Japp, la oss heller fortelje om det i ettertid, ikkje bruke eit visuelt medium til å vise det.

The Karate Kid (2010)
7/10 - Kvifor skal absolutt alle filmar ha ei kjærleikshistorie? Han er 12 år. Han har lov til å ha andre prioriteringar. Men elles er dette rimeleg likt originalen. Vel det er ikkje karate, men det er egentleg heilt greit. Så problema i 84-versjonen er og her. Treneren som er så "ond" at han vert en parodi. Studentane hans som opptrer som ein saueflokk uansett kva han krev. Det er så enkelt å melde frå om dette og gje han treningsforbud.

Kôkaku Kidôtai (1995) (Ghost in the Shell)
7/10 - Filmen er interessant når man sit og ser den, men forsvinner raskt frå bevisstheten etterpå. Gode karakterer tvers gjennom.

Mad Max (1979)
6/10 - Motorsykkelgjengen er absolutt "over the top". Men dette er ei tid når pønken var ein stor del av ungdomskultuten. Trengte Max egentleg meir motivasjon for å bli "Mad"? Dei kunne valgt partneren eller kona, men endte opp med båe to. Noko som fører til at filmen blir Vacation i midten. Bruk midre tid på ferieavvikling, og meir tid på slutten som rett og slett er altfor kjapp og dermed eit stort anti-klimaks.

Pirates of the Caribbean: On Stranger Tides (2011)
2/10 - Så Sparrow og Barbossa er ihvertfall ikkje interessante nok på egen hånd. Ellers så har me sett dei alt for mykje. Det var Elisabeth og Will som skapte konfliktane i dei fyrste filmane. Utan dei er det ikkje mykje historie igjen å fortelje.

Real Steel (2011)
3/10 - Rocky med roboter og ein ekstremt irriterande 11-åring. Cringeworthy er eit ord eg ville brukt på engelsk.

The Revenant (2015)
7/10 - Filme er godt fortalt, men er ikkje så veldig djup. Hevn, hevn, hevn, overleving, hevn, hevn.

The Room (2003)
1/10 - Ingen overrasking der altså. Dårleg skodespel. Flau dialog. Så kjedelege sexscener at man må finne fram spoleknappen.

Saboteur (1942)
7/10 - Ein av Hitchcocks mindre kjente. Og en tematikk han vendte tilbake til fleire gonger. Uskuldeg man på rømmen. Sluttscene ved eit monument.

Star Wars: Episode VII - The Force Awakens (2015)
5/10 - "A good question... for another time"

Super (2010)
7/10 - Den mest realistiske superheltfilmen? Ellen Page er faktisk det svakeste elementet her. Alt hun gjør verkar så unaturleg.

Superman IV: The Quest for Peace (1987)
1/10 - Oj da. Cannon/Golan-Globus prøver å lage superheltfilm på skolissebudsjett.

Terror by Night (1946)
10/10 - Klassisk Sherlock Holmes. Og historia overraskar heile tida.

Le tout nouveau testament (2015)
9/10 - Beste svarte komedie frå Belgia eg har sett nokonsinne? Sikkert den einaste og. Dottera til Gud drar til jorda og får mennekeheten til å tenkje på tilværelsen. Alt blir lettere surrealistisk.

The World's End (2013)
8/10 - Fordelen med å ikkje lese meldingar eller å sjå trailere er at twisten kjem så overraskande på ein. Det skjedde i From Dusk till Dawn, og det skjedde til dei grader her. Typisk Pegg/Frost/Wright-film, men Pegg er kanskje litt vel mykje drittsekk her for min smak.

fredag 1. april 2016

Aprilsnarr?

Hoppsann!

Eg merka at man blir litt småsprø av å måtte sjå minst ein film av varierande kvalitet kvar dag, så eg har satt talet ned til 25 i månaden, eller 300 i året om du vil. Dermed får eg og tid til å fullføre evt. meldingar som måtte hnga bak, samt bloggen sitt tredje prosjekt (i tillegg til føling i fjøra og meldingar) som eg startar med når det er litt meir behageleg temperatur utandørs.

Sidan eg allereie låg mange filmar foran så vert det berre 17 filmar i april, så eg tek fri i april rett og slett. Norske filmar returnerar i 1.mai.

tirsdag 15. mars 2016

Føling i fjæra: Søndagsengler

Søndagsengler (1996)

Dag 75 - det norske filmmaraton

Me passerte årets fyrste femtedel no på sundag, så kanskje det er på sin plass med ein oppsumering. Det er stor overvekt av filmar utgitt etter 2008 som dykk kan sjå. Bakgrunnen for det er at eg foreløpig kun har tatt for meg filmar som er slept på Blu-Ray samt filmar som kan strømmast på filmarkivet.no. Eg held på å sortera i DVD-biblioteket no, så det vert absolutt meir variasjon frem til me når me er ferdig med den andre femtedelen av 2016.

På grunn av influensa og sånt så har sjølve filmmeldingane blitt utsatt, men skal ta å skrive omtrent 10 til dagen, så eg er vel ajour til 1. april omtrent. Men legg ut likevel ut titlane i dag sånn dykk kan sjå kva filmar eg hat fått sett.

Om me skal trekje nokon linjer så er det ei fåtall av desse filmane eg på nokon måte kan anbefala. Det begrensar seg nesten kun til Mannen som elsket Yngve og Den store barnedåpen. Diverre har det vert mykje direkte dårleg, om dette er et resultat av meir egendistibusjon/egenproduskjon skal eg foreløeg la forbli utsagt.

I USA er alt taima og tilrettelagt. Alle filmar skal passe ein spesifikk demografi og gje ein positiv oppleving i forhold til dei forventningar det publikummet har. Dette inkluderer hovudroller man kan sympatisere med og som har ein eller anna utvikling i historia.

Eg veit ikkje om det er arven frå Hamsun som gjer det men det er overraskande mange av dei filmane eg har sett til no der hovudkarakteren er direkte usympatiske og opptrer urasjonellt. Pan, Mer eller mindre mann, Lasse & Geir og Mot naturen var nok dei verste eksempla på det. Det har kanskje ein plass i soialrealismen, men når man gjer det vasnkeleg å bry seg om hovudkarakterane er det og vanskeleg å bry seg om korleis det går med dei. Nokon gongar blir det rett og slett vanskelg å finne motivasjonen til å sjå filmane ferdig.

Eit morosamt poeng i denne perioden (sidan eg bur på Lørenskog) er at Lørenskog dukka opp i to filmar på rad. Fyrst spelt inn på Lørenskog stasjon i Gylne ungdom, og i En herre med bart 14 år tidligare så fekk kvinne kritikk for å kome frå bygda sidan ho budde på Lørenskog og snakka dialekt. Lørenskog stasjon vart seinare til Sesam stasjon med utallege episodar på barne-tv.


Foreløpig statistikk etter 75 dagar:

År
/ Sett 2016
/ Sett totalt
/ Produsert
1911
1
1
5 (1*)
1921
1
1
4
1922
1
1
4
1928
1
1
3
1931
1
1
2
1932
1
1
5
1942
1
1
5
1956
1
3
8
1964
1
3
7
1972
1
4
8
1976
1
8
14
1981
1
5
10
1983
1
4
7
1988
1
3
9
1990
2
7
9
1995
1
10
14
1998
1
7
15
2004
1
6
20
2005
1
3
21
2006
1
5
20
2008
6
7
22
2009
1
2
22
2010
7
8
26
2011
10
14
38
2012
4
7
32
2013
7
9
31
2014
12
15
43
2015
5
10
32
2016
2
2
6**

75
149
442


* talet på kor mange filmar som framleis er tilgjengleg. Eg vil likevel føre fargekodane som at dei eksisterar, for man sit alltid med eit håp om man finn ein kopi på eit loft ein stad.
** premierefilmar pr. 15. mars 2016.


Totalt er det produsert 1012 kinofilmar i Noreg sidan 1911. Den 1000ende var faktisk Ninas barn. Den hadde premiere i oktober i fjor. Mitt totale antall kjem eg kun til å oppdatere når eg besøker desse årstala på nytt, men eg reknar med at eg ligg rundt ein tredjedel så langt. Som dykk ser av den delvise statistikken så er talet der 33,7% når omtrent 27% av statistikken er kontrollert.
  • Alle tiår besøkt så langt i år
  • 29/106 år besøkt i år
  • 6 år sett mellom 50-74% av totalen
  • 1 år sett mellom 75-99% av totalen

Vidare i år skal eg prøve å sjå minst ein film frå kvart år slik at statistikken vert meir eller mindre komplett, og heller fylle ut dei siste åra om det er nokon år som foreløpig ikkje er mogleg å besøkje. Eg skal og sjå alle Amanda-vinnarar for beste film før Amanda-utdelinga i august. Der gjenstår kun X, Upperdog og Tusen ganger god natt. Til då skal eg og sjå dei filmane som vert nominert i år, om eg har nokon igjen. Utover det er det å sjå det som gjenstår av norske julefilmane, men med deadline i desember har det sjølvsagt ingen hast.

Nydelige nelliker

Regi: Knut Andersen (1964)

5/10

imdb

søndag 21. februar 2016

fredag 19. februar 2016

Ja, vi elsker

Regi: Sølve Skagen og Malte Wadman (1983)

"Han hadde vært i Østen og trodde på Gud. Jeg hadde vært på Blindern og trodde på Marx."

8/10

imdb


torsdag 18. februar 2016

mandag 15. februar 2016

Pelle Politibil går i vannet

Regi: Rasmus A. Sivertsen (2010)

3/10

imdb

Topp 100 norsk film

001 Salmer fra kjøkkenet (samproduksjon)
002 Jakten
003 Oslo 31. august
004 Leve blant løver
005 Flåklypa Grand Prix
006 Resan till Melonia (samproduksjon)
007 Ronja Rövardotter (samproduksjon)
008 Glasskår
009 Sult
010 Insomnia
011 Eggs
012 Døden på Oslo S
013 Få meg på, for faen
014 Gategutter
015 Hodejegerne (samproduksjon)
016 Øyenstikker (samproduksjon)
017 De dødes tjern
018 Kroppen min
019 Kronprinsen
020 Elling
021 Søndagsengler
022 Mongoland
023 Reprise
024 Mennesker i solen
025 Kon-Tiki (1950)
026 Hustruer
027 Støv på hjernen
028 Heftig og begeistret
029 Hamsun (samproduksjon)
030 Jerusalem (samproduksjon)
031 Alt om min far
032 Myggen
033 Tsatsiki, morsan och polisen (samproduksjon)
034 Aldri mer 13!
035 Frida - med hjertet i hånden
036 Dei mjuke hendene
037 S.O.S.
038 Hevn

lørdag 13. februar 2016

fredag 12. februar 2016

søndag 7. februar 2016

onsdag 27. januar 2016

lørdag 23. januar 2016

torsdag 21. januar 2016

lørdag 16. januar 2016

søndag 10. januar 2016

Mennesker i solen

Regi: Per-Olav Sørensen (2011)


"Hold rundt meg"
"Jeg kan låne deg en genser"¨

9/10

imdb

lørdag 9. januar 2016

Motforestilling

Regi: Erik Løchen (1972)



"Tror du på Gud, eller tror du på NATO?"

8/10

imdb

torsdag 7. januar 2016

Pax

Regi: Annette Sjursen (2010)


Nei!

1/10





Ok, for å utdjupe: Det å setje ei gruppe menneske i ein situasjon der man vert veldig sårbare, og føler for å dele tankar som gneg på samvitet er ikkje dum, men det er gjennomføringa i denne filmen det heile fell saman.

Om du i det heile tatt greier å halda interessa ved kva som skjer før sjølve flyturen, som er fullstendig kaos av tilfeldige scenar, inkludert tilfeldeg sex i eit kapell (mellom to karakterar som me ikkje har fått introdusert endå). Hadde eg sett denne på kino hadde eg truleg gått allereie då.

Men dei kjem seg endeleg til flyet. Diverre er det kun Joner som kan få godkjent der. Elles består flyturen av menneskeskjebnar me ikkje har nokon grunn til å investera oss i. Eit fokus på færre og litt meir forhistorie på desse hadde gjort filmen godt.

Trur rett og slett dette er den verste norske filmen eg har sett. Dis er og ille, men den har jo sin sjarme og sin (ufrivillige) humor. Denne er bare deprimerande.

imdb

søndag 3. januar 2016

Tina & Bettina - The Movie

Regi: Simen Alsvik (2012)


Fyrst må eg få nemne at eg aldri har sett sketsjene dette er basert på. Kanskje dei få minuttane på kvar Torsdag kveld fra Nydalen passa denne type humor betre; for kvart einaste av desse 81 minuttane var ekstremt vanskeleg å koma seg igjennom. På kvart "musical-nummer" måtte eg rett og slett sjekke kor lang tid det var igjen.

Problemet er at man ikkje sympatiserar med nokon i denne filmen. Man kan jo sei at 15-åringar alltid er urasjonelle, men ein historie er heil avhengig av at me har nokon å heie på. At Henrik Thodesen framstår som den peneste i klassen, sier vel meir om kor usjarmerende resten av rollelista er.

Filmen greier til og med gjere Madcon usympatiske. Dei er leigd inn for ein fest, og fell kjapt ned på nivået til 15-åringane. Sidan Madcon absolutt ikkje kjem frå Oslo Vest, blir heile scenen ganske så merkeleg.

Eg finn egentleg ikkje dekkjande ord så kjapt etter å ha sett denne filmen; hadde aldri forventa at den skulle vere så dårleg som dette. Kanskje når kvalmen er borte, så kan eg gjer det litt meir nyansert, men forhåpningane til det er ikkje spesielt store akkurat no.

1/10

imdb

lørdag 2. januar 2016

På bølgelengde

Regi: Frode N. Nordås (2011)


Sidan Skjærgården har kinopremiere i løpet av neste veke, så er det vel på tide å ta ein kikk på regissøren sin forrige film På Bølgelengde. Dette er ein romantisk komedie, men frå vestlandet, nærare bestemt Sveio og Stord.

Det starta ontrent med Mongoland i 2001 og sidan då har me fått sett eit større antall dialektfilm på norske kinoar. Dialekten gjer kanskje at alt som vert sagt ikkje blir så teatralsk og bokstavleg. Og eit dermed eit folkeleg alternativ til teaterscenane eller norsk kinofilm på 80-tallet.

På bølgelengde vert derimot kanskje litt for folkeleg. Den prøvar å balansera på ein knvisegg mellom romantisk komedia og situasjonskomedie men fell ofte av og serverar oss farse. Karakterar blir karikaturar, nokre scenar blir ekstremt kleine å sjå.

Farse har og sitt publikum. Såpeparodien Soap var så godt som kun farse, men den fungerte sidan hadde ei kalr overhengande ramme og historie de kunne boltre seg i. I På bølgelengde blir alt veldig springande. Man arrangerer bryllup, slår opp og kjem saman att omtrent på ein kveld. Bifigurar er kun med for å skape misforståingar i deira forhold, og ingen oppfører seg rasjonelt.

Filmen er lagt på skolissebudsjett og diverre visast det så altfor godt.

2/10

imdb

fredag 1. januar 2016

Det er meg du vil ha

Regi: Dag Johan Haugerud (2014)


Byrjer truleg med den kortaste av dei norske filmane i år. Ein skodespelar, 53 minuttar, ei muntleg forteljing. Man trur heldigvis på at Andrea Bræin Hovig er Henriette, at det faktisk er ho som har opplevd dette. Sidan det kun er ho som sit og fortel så står egentleg alt og fell på akkurat det. Ikkje vert det kjedeleg; man lurar faktisk på korleis det kjem til å gå.

Det ho fortel om er at ho som lærar vert tiltrukken av ein 15-år gamal elev som ho får kontakt med som eit alternativ til hennar ekteskåp. Om dette utvikler seg så bryt der som kjent både med skulereglane og norsk straffelover, difor er det interessant å få henner vinkling av saka.

Er interessant å få slike historiar på kino. Vanlegvis er det kun teaterscenane som får slike godbitar. Men forma og tematikken gjer sjølvsagt at dette ikke er for alle. Men dei som ynskjer å sjå den vil og få ei minneverdig oppleving.

Eg vil litt seinare denne månaden skriva om Liv Ullmann sin Frøken Julie. Og noko av kritikken min av den er at det er filma teater. Dei bruker ikkje rett og slett ikkje filmmediet til å forbedre og understreka historia. Så kvifor godtek eg det i denne? Dette kunne like godt vore radio? Ja, og det er derfor denne ikkje får høgste karakter. Men denne historia er ikkje blitt gjenfortalt like mange gonger som Frøken Julie, samt at man tek et val med å berre fortelje historia frå hennar side. Om dette hadde vore ein normal spelefilm, så mister man fokus på kven man skal "like". Kven er det som har ansvaret; læreren eller eleven? Her må me berre ta hennar ord på kva som skjedde.

8/10

imdb


Prosjekt for 2016

Prosjekt for 2016

366 norske filmar på 366 dagar.

Einaste reglane er at:
1. Eg ikkje har sett dei før
2. Dei er norske filmar i spelefilmslengde, primært kinofilm
3. Kvar film får ei melding


Utover dette kjem det det og nokre utenlandske filmar innimellom. Skal skrive f.eks. skrive meldingar om filmane på topplistene mine, om dei Oscar-nominerte og elles film og spel som kan vere interessant å lese om.

Godt nytt år, alle saman ;)