onsdag 27. januar 2016

lørdag 23. januar 2016

torsdag 21. januar 2016

lørdag 16. januar 2016

søndag 10. januar 2016

Mennesker i solen

Regi: Per-Olav Sørensen (2011)


"Hold rundt meg"
"Jeg kan låne deg en genser"¨

9/10

imdb

lørdag 9. januar 2016

Motforestilling

Regi: Erik Løchen (1972)



"Tror du på Gud, eller tror du på NATO?"

8/10

imdb

torsdag 7. januar 2016

Pax

Regi: Annette Sjursen (2010)


Nei!

1/10





Ok, for å utdjupe: Det å setje ei gruppe menneske i ein situasjon der man vert veldig sårbare, og føler for å dele tankar som gneg på samvitet er ikkje dum, men det er gjennomføringa i denne filmen det heile fell saman.

Om du i det heile tatt greier å halda interessa ved kva som skjer før sjølve flyturen, som er fullstendig kaos av tilfeldige scenar, inkludert tilfeldeg sex i eit kapell (mellom to karakterar som me ikkje har fått introdusert endå). Hadde eg sett denne på kino hadde eg truleg gått allereie då.

Men dei kjem seg endeleg til flyet. Diverre er det kun Joner som kan få godkjent der. Elles består flyturen av menneskeskjebnar me ikkje har nokon grunn til å investera oss i. Eit fokus på færre og litt meir forhistorie på desse hadde gjort filmen godt.

Trur rett og slett dette er den verste norske filmen eg har sett. Dis er og ille, men den har jo sin sjarme og sin (ufrivillige) humor. Denne er bare deprimerande.

imdb

søndag 3. januar 2016

Tina & Bettina - The Movie

Regi: Simen Alsvik (2012)


Fyrst må eg få nemne at eg aldri har sett sketsjene dette er basert på. Kanskje dei få minuttane på kvar Torsdag kveld fra Nydalen passa denne type humor betre; for kvart einaste av desse 81 minuttane var ekstremt vanskeleg å koma seg igjennom. På kvart "musical-nummer" måtte eg rett og slett sjekke kor lang tid det var igjen.

Problemet er at man ikkje sympatiserar med nokon i denne filmen. Man kan jo sei at 15-åringar alltid er urasjonelle, men ein historie er heil avhengig av at me har nokon å heie på. At Henrik Thodesen framstår som den peneste i klassen, sier vel meir om kor usjarmerende resten av rollelista er.

Filmen greier til og med gjere Madcon usympatiske. Dei er leigd inn for ein fest, og fell kjapt ned på nivået til 15-åringane. Sidan Madcon absolutt ikkje kjem frå Oslo Vest, blir heile scenen ganske så merkeleg.

Eg finn egentleg ikkje dekkjande ord så kjapt etter å ha sett denne filmen; hadde aldri forventa at den skulle vere så dårleg som dette. Kanskje når kvalmen er borte, så kan eg gjer det litt meir nyansert, men forhåpningane til det er ikkje spesielt store akkurat no.

1/10

imdb

lørdag 2. januar 2016

På bølgelengde

Regi: Frode N. Nordås (2011)


Sidan Skjærgården har kinopremiere i løpet av neste veke, så er det vel på tide å ta ein kikk på regissøren sin forrige film På Bølgelengde. Dette er ein romantisk komedie, men frå vestlandet, nærare bestemt Sveio og Stord.

Det starta ontrent med Mongoland i 2001 og sidan då har me fått sett eit større antall dialektfilm på norske kinoar. Dialekten gjer kanskje at alt som vert sagt ikkje blir så teatralsk og bokstavleg. Og eit dermed eit folkeleg alternativ til teaterscenane eller norsk kinofilm på 80-tallet.

På bølgelengde vert derimot kanskje litt for folkeleg. Den prøvar å balansera på ein knvisegg mellom romantisk komedia og situasjonskomedie men fell ofte av og serverar oss farse. Karakterar blir karikaturar, nokre scenar blir ekstremt kleine å sjå.

Farse har og sitt publikum. Såpeparodien Soap var så godt som kun farse, men den fungerte sidan hadde ei kalr overhengande ramme og historie de kunne boltre seg i. I På bølgelengde blir alt veldig springande. Man arrangerer bryllup, slår opp og kjem saman att omtrent på ein kveld. Bifigurar er kun med for å skape misforståingar i deira forhold, og ingen oppfører seg rasjonelt.

Filmen er lagt på skolissebudsjett og diverre visast det så altfor godt.

2/10

imdb

fredag 1. januar 2016

Det er meg du vil ha

Regi: Dag Johan Haugerud (2014)


Byrjer truleg med den kortaste av dei norske filmane i år. Ein skodespelar, 53 minuttar, ei muntleg forteljing. Man trur heldigvis på at Andrea Bræin Hovig er Henriette, at det faktisk er ho som har opplevd dette. Sidan det kun er ho som sit og fortel så står egentleg alt og fell på akkurat det. Ikkje vert det kjedeleg; man lurar faktisk på korleis det kjem til å gå.

Det ho fortel om er at ho som lærar vert tiltrukken av ein 15-år gamal elev som ho får kontakt med som eit alternativ til hennar ekteskåp. Om dette utvikler seg så bryt der som kjent både med skulereglane og norsk straffelover, difor er det interessant å få henner vinkling av saka.

Er interessant å få slike historiar på kino. Vanlegvis er det kun teaterscenane som får slike godbitar. Men forma og tematikken gjer sjølvsagt at dette ikke er for alle. Men dei som ynskjer å sjå den vil og få ei minneverdig oppleving.

Eg vil litt seinare denne månaden skriva om Liv Ullmann sin Frøken Julie. Og noko av kritikken min av den er at det er filma teater. Dei bruker ikkje rett og slett ikkje filmmediet til å forbedre og understreka historia. Så kvifor godtek eg det i denne? Dette kunne like godt vore radio? Ja, og det er derfor denne ikkje får høgste karakter. Men denne historia er ikkje blitt gjenfortalt like mange gonger som Frøken Julie, samt at man tek et val med å berre fortelje historia frå hennar side. Om dette hadde vore ein normal spelefilm, så mister man fokus på kven man skal "like". Kven er det som har ansvaret; læreren eller eleven? Her må me berre ta hennar ord på kva som skjedde.

8/10

imdb


Prosjekt for 2016

Prosjekt for 2016

366 norske filmar på 366 dagar.

Einaste reglane er at:
1. Eg ikkje har sett dei før
2. Dei er norske filmar i spelefilmslengde, primært kinofilm
3. Kvar film får ei melding


Utover dette kjem det det og nokre utenlandske filmar innimellom. Skal skrive f.eks. skrive meldingar om filmane på topplistene mine, om dei Oscar-nominerte og elles film og spel som kan vere interessant å lese om.

Godt nytt år, alle saman ;)